lørdag 15. januar 2011

Ny kommode:)

Hei og god lørdag`s kveld:)
Aller fyrst må eg formidle ei stooor glede!!!!
Var so heldig i går å vere den lykkelege vinnar av Give away hos Birtes Hus... Ein koseleg blogg som eg har fylgt ei stund;)
LUCKY ME!
Bilder kjem i eit anna innlegg...
***
No til kommoden...
...som vi kjøpte på torsdag hos Bellablaa.no :) Ein skjønn butikk her i Fosnavåg!!! Er so glad for å ha ein slik "skatt"/butikk berre 5 min. å køyre herifrå:))) Det vakraste interiør, kleder til dame og jente og herlege leiker til barn finn vi her*

*SMILER*

***



Denne engelen er arvegods. Litt skade har den fått opp gjennom åra, men vakker er den likevel:))

***



Herlege detaljar på kommoden, både inni og utanpå gjer den ekstra vakker:)
Har ikkje komt so langt at eg har hatt noko i den endå, men nok av ting og tang som treng oppbevaring;) So det vert ikkje noko problem...
***



Var so kjekt å "stæsje" til oppå kommoden!!! Mykje fram og tilbake, om og men ...
Slik vart det no og kjenner eg meg rett er det vel ikkje lenge til eg er der og "stæsjer" på nytt;)

***




Kanskje litt stort det korset på madonnaen??? Kva synst du?
Ser eigentleg litt forskjellig eg må gjere om ... Vart litt fargelaust kanskje?
Ikkje so greit å få det slik ein ser det føre seg og ut i hendene;)

***




I skuffene er det også so "forseggjort" at det er ei fryd... Må nesten stå litt opne dei trur eg...

***




I dørene er det ikkje glas i vindua, men gardin:) So slepp eg å pusse...

***





Kommoden har vi då plassert i spisestua der vi hadde ein gammel skrivepult før... som no er plassert i bestestova.
Bella Blå finn du også på Facebook under same navn;) Absolutt verdt eit besøk!!!
***
No er det middag`s tid her på Fjellro!!!
Tek jammen si tid med blogging, men kunne ikkje vore foruten...
Etter middag skal eg ha meg ei koserunde hos dåkke:) Gleder meg:)
Til so lenge... ha ein fortsatt fin lørdag`s kveld , so "sjåast" vi;)
***Klems frå Mette***







torsdag 13. januar 2011

Den store vaskedagen...

Er so glad i denne vaskebøtta i emalje frå Jeanne D`arc Living:) Er so fin at den står faktisk framme heile tida:)
Litt trist å vaske ut JULA... som alltid! Føler litt sånn
"poff og ein smell" og so er det over.
Etter månedar med forberedelsar og alt som høyrer med før jul, går sjølve juledagane soooo fort!!! So det var med tungt hjerte å pakke ned all julepynt, ha ut treet og vite at det er EITT ÅR til neste jul.
Men men, no er det gjort...
***
Det som ikkje var so gale, men ei stor glede , var å få fekk alt støv og rusk som har samla seg på disse vekene. Med vaskebøtte og klut, var det herleg å kjenne GOD grønsåpelukt att:)))
Og vite at no "skin det i kvar ein krok ", IGJEN...
***


Vaskebrett som vi kjøpte i Danmark i fjor sommar! Står då berre til pynt;) Tenk korr lettvint vi har det i dag med reingjering, klesvask, matlaging... you name it, i forhold til i gamle dager!!!
Lurer på korleis det vert i framtida!? Fleire knappar å trykke på... og vips! reint hus:)
Hmmm. Den tid den glede?

***




Ahhh,skjønne lavendel husvask frå Durance!!!
Føler mest for å bruke denne herligheita om våren og sommaren:)
*GLEDER MEG*
***


Filleryer frå Nordal, som eg fann på salg i Ålesund før jul. Likte so godt dei duse gråblå fargane:) Med litt sølv innimellom! Jaja... kan tåle litt "glitter og glam". Men berre LITT ;)

Oppdaga ikkje før eg kom heim at det var 100% skinn!
Lurer på korleis eg skal gjere dei reine?
Nokon som veit/trur?


***

***
Tusen tusen TAKK for alle gode ord dåkke legg att her hos meg.
Set utruleg stor pris på kvar og ein:)

Ønsker DEG ein fin fredag (snart helg)!!!!

*GODE KLEMMER FRÅ METTE*






mandag 10. januar 2011

Gjenbruk...

... frå fyrverkeri -kasse til oppbevaring av utstyr til kjøkkenmaskina.





I snikkerbuda til mannen, stod då denne kassa tom og klar til kast etter å ha gjort nytta si nyttår`s kvelden. Før min kjære kom på ein glimrende ide om å gjere den om til noko nyttig:)

Har no alltids bruk for eit eller anna å putte ting og tang i...

Og som sagt så gjort.




Til kjøkkenmaskina som eg var so heldig å få til jul, fylgte der med div. tilbehør som tek litt plass. Det har stått i ei pappeske i skapet og var verken fint eller praktisk.

So valget var då enkelt! Og resultatet vart eg veldig fornøygd med:))) Drister meg til å skryte litt, sidan det er mannen som har gjort det meste av arbeidet;)




Litt pussing , grunning og maling... nye hengsler (dei opprinnelege såg litt svake ut) i lokket og decoupage på innsida og sist men ikkje minst logoen på framsida som min kjære Mr.Handyman trylla fram :)))

Vart veldig mykje skryt av mannen dette (han trur vel det er eit kvart kjerringa har sett og vil ha... igjen) ;)


( Blondebandet og serviettane/lakkinga av dei trylla då eg fram)

*Smiler*





Har eit par fyrverkeri-kasser til som står tomme (frå tidlegare år).

Kanskje vi kan gjere dei også om til noko lurt/praktisk?! Oppbevaringsplass får ein aldri nok av!!!



Ønsker deg ei fin veke!


Varme klemmer frå Mette*(som skal begynne å rydde vekk jula no...)





lørdag 8. januar 2011

Helg ****


Endeleg helg!!!!!
Med dagen`s avis, året`s fyrste utgave av Jeanne D`arc Living (PÅ NORSK) *smiler* og ein god kopp te til frukosten, var det berre å nyyyyte starten på helga:)
To kjærkomne fridagar etter ei veke med skule og jobb igjen...
Godt å kome i gong att etter ein "lat" juleferie. Må innrømme det! MEN...no skal helga nytast:))


GRATULERER med 12 år`s dagen til søskenbarnet på Malta!!!!!
Vert dessverre lenge mellom kvar gong vi treffast, men koser oss stort når vi endeleg er saman:)
(Bildet er tatt sommaren 2009 hos besteforeldra i Haugesund)

*Kos deg på dagen din*



Potifar i kjent positur foran peisen...
Godingen vår!!!
GOD HELG til alle som titter innom !!!!!
No skal tobeinte og firbeinte på Fjellro UT å lufte seg i vinterlandet...
Varme klemmar frå Mette



onsdag 5. januar 2011

M.J.Hummel

Har so lyst å dele desse skjønningane med dåkke...
Svak som eg er for figurar med eit litt nostalgisk, barnleg preg over seg, var det kjærleik ved fyrste blikk når eg oppdaga "Hummel-figurane" i 2002***
Det er Goebel porselenfabrik i Tyskland som lagar dei. Figurane er handmalte, nummererte og alle har sin eigen "tittel"...
Har ikkje vore so enkelt å få tak i figurane her i Norge siste åra, so det vert å leite litt rundt på nettet, finn og brukthandel...
Men eg er kjempeglad for dei eg har:)))
Her kjem eit bilderas frå samlinga mi :

"The kindergartner" og "Flowers for mother"


"Dear Good"

"I`m freesing" og "it`s cold"




"Skier"




"My Heart`s Desire" og "For keeps"






"I brought you a gift"




"Can`t catch me"







"Friendly feeding"








"Sleigh Ride"









"School girl"










Små fat på 8 cm. Har samla dei i eit veggskap...











"Dearly beloved"
Bryllupspresang til meg og min kjære.
Med eit lite skrin i same motiv, der vi oppbevarer forlovelsesringane våra...
(Ser dei so vidt på bildet)











"Coming from the woods"
















"Hans og Grete"



(Figurane er frå 9-15 cm. lange)




Det var altså Hummel-samlinga mi.... Håper du likte det du såg;)
Kjem du over ein slik liten "skatt", ny eller gammel, hadde det vore kjekt å få eit lite pip:)
No skal eg ha meg ei koserunde rundtomkring her på blogglandia før leggetid...
Slutt på "slaraffenlivet" no med å sove lenge morgonane.
Ønsker deg fine dagar!!!Som vert litt lysare for kvar dag no:) HERLEG:)))
Gode klemmer Mette*




mandag 3. januar 2011

Bønder på by`n;)

Ja, i dag tok vi oss ein tur på by`n. Nærmare bestemt Ulsteinvik,som ligg ein halv time`s køyretur frå der vi bur...
Vi er: Meg sjølv(sagt), go`jentene,søstera mi og go`jentene hennar.
I sno og i blæst, trava vi rundt frå hus til hus og berre storkosa oss med alt det vakre butikkane hadde å by på...
***
Som her på Krukkehuset i andre etasje:) Mi søster står og beundrer ein av dei skjønne "englane" som alma--palma.blogspot.com har laga. Ein av dei fekk vere med heim (fyrste bildet på innlegget). Kjempesøte!!!!!
***

Bizzarre er ein sjølvsagt butikk å besøke når vi er i "vik"....
Masse lekkert, og som du ser, SALG!!!!!!
Kom nok ikkje tomhendt ut herifrå heller.
(Litt monteringarbeid må til før visning);)


***


Alle go`jentene var blide og fornøygde sjølv om det vart mykje interiørbutikkar i dag:)

***




Litt overraska over mamma som tek bilder overalt.(Tek ikkje med meg kamera kvar gong vi er på by`n altså... ) Faktisk ganske sjelden.
***


Farmor`s krambod:)
Med alt ein kan ønske seg av interiør,nips og you name it...
Me like!!!!
***





Ein pust i bakken må til for trøytte bein...
I "heimlege omgivelsar" i koselige Krukkehuset.Igjen... Vert litt sånn fram og tilbake;)
***




Minstejenta måtte sjølvsagt få besøke sin favorittbutikk også:)
Med oppsparte pengar i ein plaspose (sjekk disken) *smiler*, er nok ei barbie-havfrue sikra i samlinga...
***








Og slik gjekk no dagen...
Ei herleg avslutning på juleferien for både store og små:)
I morgon er det skule att og tilbake til kvardagen. Skal i grunnen verte godt :)
***









Då var det på tide å reise heim.... Her ventar vi på bussen:) Kjempekos av og til å ta buss... Skulle eigentleg gjort det litt oftare. Veeeldig "sytalaust"! Iallefall på eit slikt "holkeføre" som det har vore i dag;)
***
God veke til deg med gode klemmar frå meg!!!!!







fredag 31. desember 2010

GODT NYTT ÅR!!!!!!!!













Med desse bilda (frå romjula, då vi enda hadde det flottaste veret ein kan tenke seg i jula), vil eg ønske DEG og dine ei koseleg og fin NYTTÅR`S -feiring!!!!!!!
Her på Sunnmøre har vi då full storm og snøen som var, forsvinn meir og meir med 4 pluss og regn.... I skrivande stund er mannen på Leinehornet for å vere med på tradisjonen å tenne fakkel på varden der:) Ei forblåst oppleving vil eg tru... Men som dei seier: "det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klær";)
Tradisjon tru vert det også arrangert fakkeltog her i bygda nyttår`s kvelden. So får vi sjå korr gode kleder eg og jentene greier å trylle fram... med eller utan fakkel:)
I dag skal vi feire nyttår`s afta med mine foreldre ( som også er nærmaste nabo). Skal verte godt å sette seg til dekka bord og berre nyyyyte ein god julemiddag... So får stormen berre rase ! Inne skal vi iallefall kose oss!!!
Vil til slutt takke alle GODE bloggvenner, for all inspirasjon og glede dåkke deler!!!!!
Og ikkje minst for alle koselige, gode ord dåkke har lagt att her hos meg:) Set ubeskriveleg STOR pris på kvar og ein kommentar frå dåkke gode damene!
TAKK
Gleder meg til nytt år og nye moglegheiter... og håper å sette til verks iallefall nokre av planane og ideane som svirrer "der oppe":)

GODT NYTT ÅR
2011
Klem Mette*