mandag 3. januar 2011

Bønder på by`n;)

Ja, i dag tok vi oss ein tur på by`n. Nærmare bestemt Ulsteinvik,som ligg ein halv time`s køyretur frå der vi bur...
Vi er: Meg sjølv(sagt), go`jentene,søstera mi og go`jentene hennar.
I sno og i blæst, trava vi rundt frå hus til hus og berre storkosa oss med alt det vakre butikkane hadde å by på...
***
Som her på Krukkehuset i andre etasje:) Mi søster står og beundrer ein av dei skjønne "englane" som alma--palma.blogspot.com har laga. Ein av dei fekk vere med heim (fyrste bildet på innlegget). Kjempesøte!!!!!
***

Bizzarre er ein sjølvsagt butikk å besøke når vi er i "vik"....
Masse lekkert, og som du ser, SALG!!!!!!
Kom nok ikkje tomhendt ut herifrå heller.
(Litt monteringarbeid må til før visning);)


***


Alle go`jentene var blide og fornøygde sjølv om det vart mykje interiørbutikkar i dag:)

***




Litt overraska over mamma som tek bilder overalt.(Tek ikkje med meg kamera kvar gong vi er på by`n altså... ) Faktisk ganske sjelden.
***


Farmor`s krambod:)
Med alt ein kan ønske seg av interiør,nips og you name it...
Me like!!!!
***





Ein pust i bakken må til for trøytte bein...
I "heimlege omgivelsar" i koselige Krukkehuset.Igjen... Vert litt sånn fram og tilbake;)
***




Minstejenta måtte sjølvsagt få besøke sin favorittbutikk også:)
Med oppsparte pengar i ein plaspose (sjekk disken) *smiler*, er nok ei barbie-havfrue sikra i samlinga...
***








Og slik gjekk no dagen...
Ei herleg avslutning på juleferien for både store og små:)
I morgon er det skule att og tilbake til kvardagen. Skal i grunnen verte godt :)
***









Då var det på tide å reise heim.... Her ventar vi på bussen:) Kjempekos av og til å ta buss... Skulle eigentleg gjort det litt oftare. Veeeldig "sytalaust"! Iallefall på eit slikt "holkeføre" som det har vore i dag;)
***
God veke til deg med gode klemmar frå meg!!!!!







4 kommentarer:

  1. så koselige shopping bilder ;)
    må vel si at shopping er ikkje heilt min greier --- men med disse flotte butikkene er det jo litt fristene ;)

    og den " engelen " er jo berre så søte - og håper ein dag at det kommer ein hit også ;)

    Nyt kvardagen - smil fra monika

    SvarSlett
  2. Kjempekoselig med shoppingtur sammen :) og så mange flotte julegaver du har fått. Ønsker meg en slik kjøkkenmaskin jeg også :) Ønsker deg en fortsatt fin uke i det nye året, og godt nytt år! Klem fra Mette

    SvarSlett
  3. Hei du gode♥

    SÅÅÅÅÅ hærli innlegg da:)

    Eg skal ha ein slike tur i dag..Er SÅ klar for planter og ein tur innom Bizarre og Farmors♥

    Fridagen skal nyttast godt!Min bror reiser tilbake til studier i Bergen i kveld:( Så vi skal kose oss med middag i lag,så er det trening og Grace;)

    Ønskar deg ein god januardag♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  4. Oppi sjølvaste Ulsteinvik?!? :) Krukkehuset er berre heilt fantastisk! Det er ikkje å rekne for ein butikk, men som sukker for sjela som dei seier..:)

    Kor lurt å ta bussen da! :)

    Ha ein strålande tirsdag i nyeåret! :)

    SvarSlett

Vert glad om du legg att nokre ord ☺