torsdag 16. desember 2010

Gamle julekort

Må dele desse gamle,nostalgiske julekorta eg kom over i dag med dåkke.
I Haugesund er det ein skatt av ein antikvitetsbutikk, som eg MÅ innom når eg er der.
Der er bl.a. gamle,skjønne kort som dei to øverste eg viser her...


...på baksida er det skrive med sirlig handskrift... kortet over er skrive 26.12.1909
Det øverste har ingen dato.
Har kjøpt andre kort også , men ikkje julekort. Dei skal eg dele ein annan gong;)


Over er eit julekort av tippoldeforeldra mine på morsida, Anna og Hans*
Fekk dessverre aldri oppleve dei, men har bilder og slekt som gladeleg fortel om livet deira:)






Kortet var til dattera deira , Marie og mannen hennar Olav. Altså mine oldeforeldre.
Marie fekk eg heller ikkje oppleve , men oldefar Olav huskar eg veldig godt:)
Gode minner å ta med seg er gull verdt.
Vart litt sentimentalt dette, men jula handler no litt om akkurat det?
No er det winterwonderland (igjen) her på Sunnmøre, 3 kuldegrader og herlige nysnø:)))
Trur det skal fortsette slik ei stund. Hadde vore fantastisk! KVIT JUL...
Julestemninga er litt opp og ned... går litt treigt med pyntinga. Dukkar heile tida opp "noko" som MÅ vaskast, tørkast støv av osv...
Enden på vaskinga i stova i dag var totalommøblering. Tatt kveld no, men må fortsette i morgon... Alt ein skal no finne på!!! Som det ikkje er nok å henge fingrane i, i desse dager.
Varme juleklemmer frå Mette*

3 kommentarer:

  1. Herlige julekort du viser, digger slike gamle kort.

    Klem Agnes

    SvarSlett
  2. Nyydelige kort ;))
    Fikk noen av min samboers tante, det er så herlig å titte på !!
    En liten hilsen kommer her ,))
    Juleskribleri til deg fra meg ;)

    Jeg ønsker deg av hjerte alle de gode ting♥
    Nyt av julen & dens poesi, dufter & av harmoni
    Å tenk om litt vi pakker opp av hjertens glede
    - alt det skjønne julen har å gi!!
    Varme juleklemmer jeg sender deg fra meg, Anki
    ♥GOD JUL♥

    SvarSlett
  3. Hei du gode♥

    Desse var utruleg vakre da..Stor stas å ha!

    Masse herleg inspirasjon her inne hos deg..
    Takk for gode ord♥
    Desse ruta sløyfene leita eg og lenge etter(overalt) i fjor..Fann til slutt på Moa/Bok og Media(Panduro)..

    Ønska deg gode førjulsdagr♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett

Vert glad om du legg att nokre ord ☺