søndag 5. desember 2010

Julekort og julemenn

Endeleg kom snøen:)))) Våkna i dag tidleg og såg ut: Jippi!!!! Det snøva:) Tenkte med ein gong at i dag skal vi ta bilde til julekort...
... av med pysjen, på med "julebilde"-kleder og ut! Å, so vakkert og so ispirerande:) Tok med skinnfell til jentene so dei ikkje skulle fryse fast. Når ho mor fyrst får "gløden", kan det ta si tid...

Rett bak huset vart altså julekort-bildet tatt i år, med ei flott foss/istappar no, som bakgrunn. Med herlige solstrålar og godt humør vart vi rett so fornøygde med resultatet:)



Seinare på dag baka vi julemenn. Alltid like kjekt å sjå iveren hos jentene når vi skal bake...
Litt julemusikk vart det på radioen når vi baka og snøva gjorde det og når den goooode dufta av julemenn nådde nasen, ja då kom julestemninga.....



Boksene vart fyllte og i morgon vert det maling av alle dei forskjellige figurane etter skuletid;)
Tenk at snøen kom, å so fint som det er... WINTER WONDERLAND
Ønsker deg ei fin veke
Klem Mette



4 kommentarer:

  1. Mmmm :) Syns eg kjenner den gode julemannlukta heilt ned på Lønnetunet! Og FØRR nåkken flotte julekortbilder! Kan verte vanskelig å velge ett av dei!:)

    Lykke til med malinga:)

    Gode helsingar frå Lønnetunet

    SvarSlett
  2. Ser så koseleg ut, dei er heldige jentene dine ♥

    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  3. pop over to this site f4j05x8h20 gucci replica replica chanel bags ebay replica bags turkey you could try here b7r88e6n26 replica bags philippines greenhills click this link now y3t86i1r98 replica designer bags wholesale replica ysl bags australia q0s42b7o25

    SvarSlett

Vert glad om du legg att nokre ord ☺