søndag 26. desember 2010

Julafta på Fjellro

Ein fin dag/kveld, som vi feira saman med min mamma og pappa her hos oss.
Som planlagt kom vi oss opp i god tid til "Tre nøtter til Askepott":)))
Såg nesten alt! Berre det å høyre det i bakgrunnen er nok til å få den rette stemninga...

So gjekk det slag i slag utover dagen. Var so godt å kjenne den herlige dufta av pinnekjøtt spre seg i huset:) Nybada og festpynta var det berre å vente og glede seg til sølvgutane sang jula inn...

Bildet over her viser ei gåve storejenta hadde laga til meg og mannen på skulen. So rørande og fint***



Ein søt duk som lisjejenta laga til oss på skulen:) Tenk korr mange timar den vesle handa har holdt på å sydd... RØRANDE*
Slike gåver kan ikkje måle seg med alt ein kan kjøpe for pengar, om dei er aldri so vakre:)
Og mykje vakkert fekk vi/eg, som eg vil vise dåkke seinare...

Skjenken i spisestova. Må berre nevne det raude lyset som er tent her på bildet: Lisjejenta kjøpte det ein dag vi var på "handel"... Ho kom so stolt og glad at no hadde ho kjøpt noko fint som vi kunne pynte til jul med:) Og fint var det!!! Og det er ho sjølv som skal både tenne det og slokke det...*smiler*

Tøyserviettar og "ringar" som vi fekk i bryllupsgave , pynta vi bordet med ...




Her sit vi rundt bordet og koser oss med riskrem og solbærsaus som mi mamma hadde laga. NYDELEG
Med mandel i riskremen var det stor spenning rundt bordet... Storejenta fant mandelen og fekk ein marsipangris i premie:)


















SO SPENNANDE!!!!!!
Og alle hjerter gleder seg...







Seint på kveld og alle pakker er pakka opp...
Ei trøytt og glad "tulle" som har stillt ut gåvene sine til "ære" for mamma som sjølvsagt må forevige alt før det vert spredt rundtomkring.








Også ei glad og fornøygd jente med flotte gåver som mora må forevige...
Med litt pengar i tillegg, so var PC`en i box, som ho har spart til :)
"Gamle"-pc`en har då eg overtatt:))) Som ikkje er so nøya på merke og div. når det gjeld slike ting... berre den virker! Og det gjer no den;)
Med desse bilda og orda vil eg ønske dåkke ei fortsatt fin JUL!!!!
TAKK for alle gode ord :)
Klem Mette*









6 kommentarer:

  1. Hei hei Mette..
    Første gang jeg er innom her, men ikke siste.. legger deg til på min liste og legger meg til som følger:-)
    Koselig blogg, og fine bilder , herlige barn og ikke minst lik vofs som jeg har.. he he..

    Ha en fin romjulstid, og ta gjerne turen innom meg også!

    Klem

    SvarSlett
  2. Fikk opp feilmelding da jeg prøvde og legge meg til som følger, men fikk opp error mld..
    Men prøver igjen imrg:-)

    SvarSlett
  3. Så koselige bilder du viser, mannen og jeg fikk også noen "hjemmelagde" gaver og de er bare så flotte!!
    Ønsker deg og familien en flott romjul med masse kos. Nå reiser jeg snart på jobb.

    Juleklem Agnes

    SvarSlett
  4. Hei Mette:)
    Kjempe koselege bilder av JULEGLEDE♥
    Ser dokke har hatt det fint:)

    Det har vi her også:)
    Akkurat no er berre kvalm etter FOR mykje sjokolade til morgon kaffien;p

    Masse lekre bilder nedover bloggen din:)

    Ønskar deg og di familie gode romjulsdagar♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  5. Såå koseleg! Lurt å ta bilder av borna saman med julegåvene! Så veit ein kva ein fekk for ettertida!

    Ha ei fin romjul

    Juleklem frå Lønnetunet

    SvarSlett
  6. Høyres ut som det har vore ein fantastisk koseleg dag for heile familien! Eg er einig med deg når du seier at ingenting kan måle seg med gåver som borna har laga ♥ SÅ koselege bilete frå kvelden!

    Ho var bra heldig storejenta då ho fekk mandelen! Namnam!

    Ha ei fortryllandes jul vidare

    Hanne

    SvarSlett

Vert glad om du legg att nokre ord ☺